Tidsskrift for Kjønnsforskning (May 2023)

Forskjell som føresetnad for utvikling<subtitle>Ein refleksjon over praksis/teori-dualismen i ljos av filosofien til Luce Irigaray</subtitle>

  • Grethe Nina Hestholm

DOI
https://doi.org/10.18261/tfk.47.1.4
Journal volume & issue
Vol. 47, no. 1
pp. 33 – 47

Abstract

Read online

I denne artikkelen jamfører eg Ryles forståing av knowing how og knowing that med Irigarays forståing av kjønnsforskjellen. Eg finn dei same strukturane i og mellom dualismepara; det er ikkje mogeleg, verken i teori/praksis- eller i mann/kvinne-dualismen, å dedusere seg fram til den eine delen berre gjennom kunnskap om den andre. Likevel er delane i dualismeparet gjensidig avhengige av kvarandre, blant anna for i medvit om den forskjellige andre å kultivere det som er særeige med seg sjølv. I denne kultiveringa kan skulen spele ei avgjerande rolle; ei einsidig utvikling av den eine delen fører til framandgjering og paralyserande konformisme for begge, medan ein representasjon av og formidling mellom partane støttar gjensidig utvikling og intersubjektivitet. I ungdomsskulepraksisen på Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPUY) møtes allmennfaglege og yrkesfaglege kunnskapskulturar i to veker. Ser vi i dette møtet starten på ei gjensidig kultivering saman med den forskjellige andre?

Keywords