Arbeiderhistorie (Jan 2019)

«En idealistisk socialist»

  • Anders Aschim

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.2387-5879-2019-01-05
Journal volume & issue
Vol. 23
pp. 65 – 81

Abstract

Read online

Andreas Johnsson (1835−1914) var son til ein nordlandsk fiskarbonde og blei utdanna som lærar ved Tromsø seminar. Som mange andre med same bakgrunn kom han til Kristiania som lærar på 1860-talet. Dei fleste nordlandslærarane i Kristiania slutta seg til Venstre i dei politisk turbulente åra sist på 1800-talet, men Johnsson gjekk vidare og blei ein frontfigur i det nystarta Arbeidarpartiet i hovudstaden. Gjennom samanlikning med desse medelevane frå seminaret diskuterer artikkelen moglege grunnar til Johnssons radikalisering. Viktige faktorar er truleg Johnssons mangeårige erfaring med vilkåra til arbeidarklassa i hovudstaden, først som lærar på austkanten, seinare som fattigforstandar, og det omfattande engasjementet og personlege nettverket hans i Kristiania Arbeidersamfund, der han spelte ei sentral rolle gjennom skiftande politiske konjunkturar.

Keywords