Heimen (Jun 2023)

«Det hele artet seg jo så helt annerledes enn man hadde tenkt seg.» Samvirket mellom frivillige og offentleg beredskap i krisetider

  • Tora Aasland,
  • Geir Sverre Braut,
  • Ine Fintland

DOI
https://doi.org/10.18261/heimen.60.1-2.3
Journal volume & issue
Vol. 60, no. 1-2
pp. 29 – 45

Abstract

Read online

Samandrag Formålet med denne artikkelen er å undersøkja kva som karakteriserte samvirke mellom frivillige og offentlege ressursar i norske lokalsamfunn ved byrjinga av den andre verdskrigen. Vi vil sjå nærare på om dette er forhold som også kan finnast att då ein på nytt blei stilt overfor ein landsomfattande trussel 80 år seinare. Dei sentrale emna vi ønskjer å kartleggja, er kven som var aktørane i samvirket, korleis samvirket mellom offentlege etatar og frivillige ressursar ytra seg då, og om dette har likskapar med korleis det norske samfunnet møter omfattande truslar i dag. Kjeldematerialet er ein gjennomgang av over 750 rapportar frå Instituttet for historisk forskning om medverknaden frå frivillige organisasjonar i krigsberedskapen i 1940. Innhaldet i desse er samanhalde med informasjon om innsatsen til frivillige då koronapandemien råka landet i 2020. Materialet er analysert mellom anna med utgangspunkt i teori om stiavhengige avgjerder for å synleggjera samanhengar mellom innverknader på samfunnet frå tidlegare kriserøynsler til åtferd og åtgjerder i møte med omfattande truslar i dag. Innsatsen til kvinnene er særleg vurdert. Styrkinga av demokratiet og samhaldet som blei tydeleg etter den andre verdskrigen, ser ut til å vera eit av svara på kvifor Noreg kom rimeleg godt ut av pandemien i 2020. Begge desse to alvorlege påkjenningane på samfunnet har stimulert til samarbeid mellom frivillige organisasjonar og offentlege styremakter og med det styrka grunnlaget for gjensidig respekt og tillit.

Keywords