Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Dec 2022)

Stian Hårstad, Brit Mæhlum og Rikke van Ommeren: "Blikk for språk. Sosiokulturelle perspektiver på norsk språkvirkelighet"

  • Rune Røsstad

Journal volume & issue
Vol. 40, no. 2

Abstract

Read online

Det er naturleg å tenkje at også denne boka, Blikk for språk, er eit produkt av denne tredje bølgja i sosiolingvistikken, for dei teoretiske perspektiva frå Språk i byen er her tydeleg til stades, ikkje minst den sosialkonstruktivistiske synsmåten. Men dette er likevel ikkje ‘sosiolingvistikk’, ifølgje forfattarane. Dei viser til at mange tenkjer at den labovske variasjonslingvistikken framleis utgjer kjernen i sosiolingvistikken, og dermed har dei valt “å bruke samlebetegnelsen sosiokulturell lingvistikk nettopp for å unngå forveksling med det labovske paradigmet” (s. 33). Med dette blir det noko uklart om det sistnemnde paradigmet høyrer til denne “samlebetegnelsen”, eller om dette er eit alternativt namn på ‘den tredje bølgja’. Somme av oss, eller mange, ville nok likevel tenkje at dette er sosiolingvistikk, ikkje i si fulle breidd, men i moderne drakt.