Nordlyd: Tromsø University Working Papers on Language & Linguistics (Jan 2013)

Språkpolitikk og (u)synleggjering i det semiotiske landskapet på Universitetet i Tromsø

  • Åse Mette Johansen,
  • Tove Bull

DOI
https://doi.org/10.7557/12.2472
Journal volume & issue
Vol. 39, no. 2

Abstract

Read online

I denne artikkelen analyserer vi det semiotiske landskapet som famnar om og er ein del av staden Universitetet i Tromsø (UiT), inkludert Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Analysen bygger på eit todelt datamateriale som om­fattar fotografi frå universitets­området i tillegg til relevante dokument om språk­lovgjeving og andre offisielle vedtak om språkbruk. Dei aktuelle språka er norsk (bokmål og nynorsk), nord­samisk, engelsk og kvensk/finsk. I tillegg blir ymse slag visuelle symbol under­kasta analyse. Også kunstnarleg utsmykking blir kort omtala. Vi viser korleis synleggjering av ulike språk på UiT er eit resultat av språkpolitikk på ulike nivå, men også er påverka av meir implisitte faktorar som lokale og nasjonale språkhierarki og, ikkje minst, konstruksjonen av ein regional institusjons­identitet som blir uttrykt gjennom det semiotiske landskapet meir generelt. Som ramme rundt denne analysen gjer vi dessutan ein ekskurs til det som i 2011 utløyste ein intens debatt i Tromsø kommune, nemleg spørsmålet om kommunen burde eller ikkje burde bli innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk. Den måten denne problemstillinga er blitt takla på av politiske organ i kommunen, og ikkje minst debatten om den i medieoffentlegheita, står i skarp kontrast til den fleirspråklege freden som omgjev universitetet og universitets­sjukehuset.

Keywords