Tidsskrift for Omsorgsforskning (Jan 2020)
Omsorg som glasur over ein medisinsk logikk i statlege føringar for norsk sjukepleieutdanning
Abstract
Samandrag Systematiske dokumentanalysar av fagpolitiske forslag (1921–1929) og statlege føringar (1950–2019) for norsk tre-årig sjukepleieutdanning viser at omsorgsomgrepet har hatt ein marginal plass i slike dokument. Omgrepet omsorg blei introdusert i 1980, men dei statlege føringane for norsk sjukepleieutdanning har aldri vore fundert i omsorgstenking eller andre filosofiske, teologiske eller teoretiske konsept som kunne gjere sjukepleie som praksis og sjukepleie som teoretisk fag til ein distinkt autonom profesjon med ein eigen logikk og ein relativ autonomi. I 52 av dei 69 åra Noreg har hatt statlege føringar for sjukepleieutdanning, har den teoretiske delen av utdanninga vore dominert av medisinske og naturvitskaplege fag. Perioden 1975–1992 var eit unnatak. På den tida var det sjukepleiefaget som hadde den dominerande plassen i den teoretiske delen av studiet. I den perioden arbeidde Norsk sykepleierforund (NSF) intensivt for å gjere sjukepleie til ein autonom profesjon med ein eigen logikk. I år 2000 fekk naturvitskaplege fag attende den dominerande plassen i den teoretiske delen av utdanninga. Den medisinske dominansen utfordrar sjukepleie som profesjon, då sjukepleie må vere fundert i ein annan logikk enn medisin om sjukepleie vil vere ein autonom profesjon med sin eigen logikk.
Keywords