Prismet (Oct 2019)

Kateketutdanning – i går, i dag, i morgon

  • Eldbjørg Leinebø Ekre

DOI
https://doi.org/10.5617/pri.7143
Journal volume & issue
Vol. 70, no. 3

Abstract

Read online

Kva må ein kunne for å vere kateket, og korleis kan ein få den naudsynte kunnskapen? Kva er det særeigne med katekettenesta, og kva skil den frå dei andre kyrkjelege profesjonane? Utgangpunktet for spørsmåla og refleksjonane i denne artikkelen er arbeidet med å etablere ein ny erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning ved MF Vitenskapelige høyskole. Arbeidet starta hausten 2017, med oppstart av det første kullet hausten 2018. Underteikna har leia prosjektgruppa som har arbeida fram den nye masteren. I utviklingsarbeidet var det sentralt å byggje vidare på tidlegare erfaringar med kateketutdanning, og i særleg grad erfaringane med kateketutdanningane ved MF. Samstundes var det behov for å tenkje nytt. Utviklingsarbeidet støtta seg på gamle studieplanar, evalueringsrapportar, nyare forsking om undervisningstenesta i Dnk, sakshandsaming og vedtak i Kyrkjerådet, og tenesteordning og kvalifikasjonskrav for kateketar. I denne artikkelen vil eg ta eit raskt attendeblikk på nokre utdanningshistoriske liner innan kateketutdanning sidan Lov om katekettenesta vart vedteke i 1969. Vidare vil eg sjå på grunnlaget for og innhaldet i kateketutdanninga slik den er i dag, for så å peike på nokre utfordringar for kateketutdanninga både i dag og i framtida.