Heimen (Sep 2024)
«De havde det som melkekjør i en kløvereng»<subtitle>– Ei studie av sunnfjordamma sin motivasjon og lokale påverknad</subtitle>
Abstract
Borgarskapet i Europa har hatt lange tradisjonar for å nytte amme til barna sine, og ammevesenet etablerte seg til ein viss grad også i Noreg. I Bergen fekk det norske ammevesenet eit særleg fotfeste, og frå 1700-talet og ut over 1800-talet utvikla det seg ein særeigen kontakt mellom borgarskapet i Bergen og gifte mødrer frå Sunnfjord som reiste i teneste som amme i «byn». Dei kunne vere vekke i teneste i mange år – først som våtamme og dernest som tørramme (barnejente). Mange flytta heim att til mann og barn etter enda tenestetid og hadde med seg erfaringar frå bylivet i bagasjen. I artikkelen undersøker eg kva samtida såg som årsakene til at gifte koner tok ammeteneste i Bergen, og korleis ein vurderte verdien av kunnskapen ammene tok med seg heim til lokalmiljøet. Basert på dette argumenterer eg i artikkelen for at ammeteneste i Bergen utvikla seg til eit akseptert og økonomisk gunstig attåtyrke for gifte sunnfjordkoner, og at dei med tida vart ståande som stille endringsagentar i lokalmiljøet.
Keywords