Norsk Sosiologisk Tidsskrift (May 2024)

Den aksiale tidsalder og ulike typar modernitetar: Den islamske moderniteten, ideologiske «entreprenørar» og terrornettverk

  • Atle Møen

DOI
https://doi.org/10.18261/nost.8.4.1
Journal volume & issue
Vol. 8, no. 4
pp. 1 – 14

Abstract

Read online

Denne artikkelen har to hovudtema. Det første er å gje ein introduksjon til Eisenstadts historiske analyse av framvekstane av dei ulike religiøse tradisjonane eller verdsreligionane (jødedom, buddhisme, Konfutses lære, kristendom, islam) innanfor dei aksiale sivilisjonane, korleis dei ulike aksiale sivilisasjonane hadde sine berande elitar, og korleis desse aksiale sivilisasjonane seinare har hatt ein vedvarande verknad gjennom å skriva seg inn i dei kulturelle programma eller kulturelle mønstra til dei ulike typane modernitetar. Det andre hovudtemaet er å gje utkast til ein analyse av den islamske moderniteten som eit døme på ein særskilt type modernitet med innslag av moderne fundamentalisme. Forfattaren bruker innsikter frå Nesser (2018) om den militante jihadismen, der ein radikal elite av «entreprenørar» har vore sentral i å organisera lokale terrornettverk eller terrorceller. Den indre solidariteten i terrornettverka vart skapt gjennom vennskapar og brorskapar. Dette vil seia at dei tette bror-, kone- og svogerfellesskapa var det avgjerande sosiale grunnlaget for den revolusjonære og valdelege jihadismen.

Keywords