Internasjonal Politikk (Mar 2020)

Makrellkonflikten og strategisk klimafornekting

  • Olav Anders Totland

DOI
https://doi.org/10.23865/intpol.v78.1453
Journal volume & issue
Vol. 78, no. 2
pp. 142 – 166

Abstract

Read online

Kor godt rusta er internasjonale ressursforvaltingsregime til å tilpasse seg klimaendringar? Klarar slike regime å inkludere nykommarar på ein konstruktiv måte, eller vinn realpolitiske vurderingar fram og ein hegnar om eigne ressursar? Denne artikkelen vil utforske dette og sjå på korleis klimaforsking blir brukt politisk til å legitimere krav på ressursar. Til dette blir makrellkonflikten i Nordaust-Atlanteren frå 2008–2014 undersøkt. Etter at makrellen endra vandringsmønster lenger nord og vest, vart det konflikt mellom Noreg og EU på eine sida og Island og Færøyane på andre sida. Folkeretten gjev eit stort rom for å tolke denne tvisten ulikt hjå partane. Dette spelerommet, kombinert med ein låg grad av tilpassing til nykommarstatar, førte til at det etablerte forvaltingsregimet braut saman. I løpet av konflikten vart det tydeleg at partane hadde svært ulike forklaringar på endringa i makrellens vandringsmønster. Klima- og miljøforsking vart trekt i tvil og brukt strategisk av aktørane i konflikten, og makrellen vart overfiska. Dette tyder på at realpolitiske omsyn framleis står sterkt i internasjonal ressursforvaltingspolitikk, også i møte med det som verkar som opplagte konsekvensar av klimaendringar. Fiskeriforvaltingsregime treng å konkretisere reglar for korleis ein skal handtere endringar i vandringsmønster, og korleis nykommarar til fisket kan inkluderast på ein konstruktiv måte. Slik unngår ein overfiske og framtidig bestandskollaps.

Keywords