Maal og Minne (Dec 2021)

«E’ hel ei – e’ halv ei» – om realiseringa av ubestemt hokjønnsartikkel i Oslo

  • Stian Hårstad,
  • Toril Opsahl

Journal volume & issue
Vol. 113, no. 2

Abstract

Read online

Studiar av genusendring i norsk har jamt over brukt mykje plass på inventaret i kategorien «ubestemt artikkel», som fleire stader viser teikn til å skrøkke frå tre til to typar. I dei fleste samanhengar vert dei tre typane refererte til som ein (m.), ei (f.) og eit (n.). Faktiske realiseringar som er subsumerte under desse typane, kan vere avgjerande i jakta på endringsforklaringar. Denne artikkelen undersøkjer korleis hokjønnsartikkelen har vore realisert i Oslo gjennom dei siste par hundre åra. Kjeldematerialet er eit breitt utval av litterære framstillingar og vitskaplege skildringar av oslomålet, og korpusdata frå nyare tid. Variasjonen som vert avdekt, er sjeldan tematisert i nyare framstillingar av genustilhøva i Oslo. Den tilsløringa som ei slik subsumering inne­ber, treng ikkje å ha uheldige konsekvensar for analysane av genussystemet i Oslo, men artikkelen argumenterer likevel for at eit meir nyansert medvit om variasjon i dei språklege realiseringane av artiklane er viktig for vidare genusforsking i andre dialektområde.