Norsk Filosofisk Tidsskrift (Dec 2024)
Om balansen mellom rettferdsprinsipp og omsorgsetikk
Abstract
Skuleinstitusjonen, slik den er utforma i dag, blir oppretthalde av eit betydeleg kompensatorisk omsorgsarbeid utført av foreldre, pedagogisk støtteapparat og alternative opplæringsprosjekt. Men sjølv med denne innsatsen fører eit smalt pensum og einsidige læringsmetodar til at mange elevar kjem til kort, endå talenta deira er ettertrakta i arbeidsmarknaden. Situasjonen kallar på ein diskusjon om kva som best byggjer samfunnet, rettsprinsippa, slik dei er definerte og gjennomførte i skuleinstitusjonen, eller omsorgsarbeidet, slik det varetar det breie spekteret av disposisjonar hos enkeltindivida? Eg vil diskutere dette gjennom å løfte fram nokre hovudpoeng frå John Rawls’ rettferdsteori og deretter vise korleis ein med utgangspunkt i omsorgsetiske og kjønnsfilosofiske perspektiv kan kritisere denne. Eg presenterer også utdrag frå eit gruppeintervju med fire kvinner for å vise korleis dei balanserer sitt omsorgsrasjonale mot dei definerte rettferdsprinsippa i sine levde erfaringar. Med støtte i empirien og i teorien til Luce Irigaray konkluderer eg med at omsorgsetikken og rettferdsprinsippa representerer ulike rasjonalitetar – ansvar versus fridom, forskjell versus likskap – men at dei berre kan virke til beste for individ og samfunn dersom dei kultiverer seg i forhold til den Andre.
Keywords