Acta Didactica Norden (Dec 2023)

«Ikke så kjedelig som jeg trodde»

  • Brita Ramsevik Riksem,
  • Cecilie Slinning Knudsen

DOI
https://doi.org/10.5617/adno.9809
Journal volume & issue
Vol. 17, no. 4

Abstract

Read online

I denne artikkelen skildrar og diskuterer vi utforminga og gjennomføringa av eit ut­forskande undervisingsopplegg i grammatikk for lærarstudentar. Tradisjonell gramma­tikkundervising er typisk assosiert med ei normativ og deduktiv tilnærming. Med vårt undervisingsopplegg ønska vi i staden å gjere grammatikkundervisinga meir utforsk­ande og deskriptiv ved å la studentane ta utgangspunkt i sin eigen intuitive språk i møte med konkrete språklege data. Opplegget vart gjennomført i to studentgrupper (grunn­skulelærarutdanning og vidareutdanning) ved NTNU, og grunnlaget for drøftinga er studentane sine svar på ei spørjeundersøking og dessutan observasjonar frå gjennom­føringa. I undervisingsøktene observerte vi at studentane var engasjerte, og i spørje­undersøkinga skildrar studentane opplegget som morosamt og lærerikt. Studentane rapporterer at dei sit att med eit godt fagleg utbytte, og dei ser potensial for ei ut­forskande tilnærming til grammatikk i eigne klasserom. Å sjå seg sjølv og elevane som språk(ut)forskarar var eit nytt og nyttig perspektiv for mange. Utfordringane ved opplegget knyt seg både til faginnhaldet og til metoden i seg sjølv. Fleire studentar opplever oppgåvene som utfordrande og dei etterlyser meir instruksjon. Fagleg kompe­tanse og tryggleik blir avgjerande både i eiga utforsking og når lærar(student)ane skal gjennomføre og støtte elevar i utforskande arbeid seinare. Vi argumenterer for at ei utforskande tilnærming skaper ein undervisingssituasjon der studentane opplever rele­vans, kompetanse og meistring i arbeidet med grammatikk. Samtidig må opplegget vidareutviklast for å imøtekome både dei faglege og dei metodiske utfordringane.

Keywords