Uniped (Nov 2015)
Aktiv læring i Mikrokontrollarar
Abstract
Aktiv læring har vore ein viktig trend i utdanningssektoren i lang tid med både klassiske og moderne proponentar. I praksis skjer det likevel at aktiv læring vert sekundær til tradisjonelle førelesingar og annan passiv formidling. Då får studentane ansvaret for å aktivisera seg sjølve, og ikkje alle klarer det like bra. I samband med ny rammeplan for ingeniørutdanninga frå 2012 har HiÅ lagt om fleire emne for å fremja aktiv læring som primær læringsmetode, m.a. i programemnet Mikrokontrollarar for programområda data og elektro, med både elektronikk og programmering som læringsmål. Eit hovudelement er å setja studentane tidleg i gang med praktiske øvingar som dannar grunnlag for vidare teorilæring. Kvalitativ, samfunnsvitskapleg forskingsmetode har gjeve oss langt djupare evaluering og analyse enn det som er mogleg gjennom det ordinære kvalitetssikringsarbeidet. Datamaterialet er hovudsakleg fokusgrupper med studentar, men omfattar òg lærarintervju. Aktiv læring og praktisk labarbeid skaper både trivsel og god læring, men me har enno ikkje funne ei optimal form. Studentane peiker på ein verdifull vekselverknad mellom førelesing og lab, og denne kan ein truleg utnytta betre. Læringsutbytet er for mange for lite samanlikna med arbeidsmengda. Desse to observasjonane ser me i samanheng med generell teori frå litteraturen og drøftar moglege forbetringar. Nøkkelord: Aktiv læring, fokusgruppe, dataingeniør, automasjonsingeniør, evaluering, labøving.