Norsk Medietidsskrift (Feb 2024)

«Learning by diving» – innovasjonspedagogikk i praksis<subtitle>Mediestudentar på gyngande museumsgrunn</subtitle>

  • Rebecca Nedregotten Strand

DOI
https://doi.org/10.18261/nmt.30.4.3
Journal volume & issue
Vol. 30, no. 4
pp. 1 – 15

Abstract

Read online

Kvar skjer når mediestudentar blir utfordra til å formidle kulturarv på nyskapande måtar? Artikkelen presenterer ein empirisk eksempelstudie blant studentar som har vore med på prosjekt der innovasjonspedagogikk er brukt som didaktisk metode for å utvikle formidling av kulturhistorie. Studentane blir utsett for arbeidslivsrelevante situasjonar der dei må utforske ny teknologi, vere kreative og løysingsorienterte. Målsetjinga er å gjere dei betre rusta for ei framtid i mediebransjen. Men har ein lukkast med det? Undersøkingane viser mellom anna at innovasjonspedagogikk kan gje verdifullt læringsutbytte, men også vere utfordrande på fleire nivå, og dei synleggjer eit behov for meir forsking på innovasjonspedagogikk i praksis.

Keywords