Acta Didactica Norden (Nov 2021)

Faglege identitetsforhandlingar i ein fleirstemmig norsklærarrøyndom

  • Øyvind Wiik Halvorsen

DOI
https://doi.org/10.5617/adno.7889
Journal volume & issue
Vol. 15, no. 2

Abstract

Read online

Denne artikkelen legg eit dialogisk og sosiokulturelt perspektiv til grunn for å undersøkje tilhøvet mellom fagleg identitet og læraraktørskap (teacher agency). Eitt intervju med ein norsklærarar i vidaregåande skule vert analysert som døme på korleis lærarar forhandlar fagleg identitet mellom personlege erfaringar og sosiale språk og talesjangrar som vert tilbydde av røyster i læraren sin sosiokulturelle kontekst. Tilhøvet mellom dei ulike røystene kan verte forstått som ei produktiv spenning der læraren aktivt tek stilling til moglege norsklærar-posisjonar. Analysen syner korleis læraren utøver aktørskap ved å påverke eigen norsklæraridentitet, samstundes som læraren si gradvise erkjenning av eigen fagleg identitet vert ein ressurs for å gi retning til lærarverksemda. Artikkelen framhevar slik fagleg identitet, sosiale språk og talesjangrar si rolle i å forme læraraktørskap samt korleis fagleg identitet og aktørskap er knytt til lærarprofesjonalitet.