Tidsskrift for Omsorgsforskning (Aug 2023)
Epistemologisk grunnarbeid i forsking om velferdsstatens tenester: å konstruere forskingsobjektet
Abstract
Artikkelen drøftar eit grunnlagsproblem som handlar om korleis ein i forsking på velferdsregimer og -tenester stiller seg til og forstår tilhøvet mellom teori og røynd, og kva implikasjonar denne forståinga har for omgrepsbruk og konstruksjon av forskingsobjektet. Drøftinga er basert på Bourdieu si tolking av den historiske epistemologien sitt prinsipp om det epistemologiske brotet i forsking samt i Wacquant si fornying og vidareføring av denne. Eg visar til den sosiale produksjon av problem og drøftar implikasjonar av å gjere om «grenseobjekt» til forskingsobjekt samt av det å blande saman (konflatere) ulike analytiske nivå. Stega i det epistemologiske brotet vert drøfta i lys av posisjonane subjektivisme–objektivisme og av den ontologiske status røynda vert gjeven her. Eg argumenterer for at eit vis å styrke forsking som har offentlege velferdsregimer og tenester som «sitt» domene (fokusområde) av røynda er å vere «epistemologisk vaken», noko som impliserer kritisk refleksjon over relasjonane forskinga inngår i, samt å gjere det epistemologiske grunnarbeidet med å konstruere sitt forskingsobjekt.
Keywords