Nordic Journal of Literacy Research (Mar 2017)

Posisjonering og evaluering i argumenterande elevtekstar

  • Hege Myklebust

DOI
https://doi.org/10.23865/njlr.v3.589
Journal volume & issue
Vol. 3, no. 0
pp. 1 – 17

Abstract

Read online

I denne artikkelen blir posisjonerings- og evalueringsteori brukt for å analysera argumenterande elevtekstar frå første klasse på vidaregåande skule. Tekstane er henta frå ein diskusjonstråd på Internett, som elevane skreiv i samfunnsfag. Elevane diskuterte både munnleg i klasserommet og skriftleg på nett, delvis overlappande, men i artikkelen er berre dei skriftlege bidraga analyserte. Analysen er knytt opp mot eit kompetansemål i læreplanen, som seier at elevane skal «drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg». Forskingsspørsmåla er: Korleis konstruerer elevane sine diskursive sjølv når dei skriv om samfunnsfaglege emne i opne, digitale nettforum, og korleis posisjonerer dei seg i høve til dei forventa mottakarane? Kva skrivekultur(ar) formar ytringane til elevane? Korleis kjem det til syne at elevane «vurderer eigne forståingar i lys av andre sine innlegg»? Funna viser at elevane i stor grad konstruerer mottakarar som ikkje har forstått, og posisjonerer seg sjølve som betrevitande. Ytringane er i stor grad farga av skrivekulturen i debattforumet, og den skulske skrivekulturen må vika. Det kjem fram at elevane «vurderer eigne forståingar i lys av andre sine innlegg» på tre ulike måtar, alt etter korleis ein tolkar andre del av kompetansemålet.

Keywords