Edda (May 2022)

Tarjei Vesaas og norsk litteratur i Nazi-Tyskland

  • Narve Fulsås

DOI
https://doi.org/10.18261/edda.109.2.2
Journal volume & issue
Vol. 109, no. 2
pp. 95 – 108

Abstract

Read online

Samandrag Artikkelen undersøkjer publiseringshistoria til Tarjei Vesaas i Nazi-Tyskland. Det nye materialet den tilfører, er i hovudsak basert på materiale etter Det litterære byrå på Lillehammer, ein aktør som knapt er nemnd i norsk litteratur- og bokhistorie. I det transnasjonale og bokhistoriske perspektivet som dette opnar, får vi eit breiare, meir differensiert og delvis anna bilete av Vesaas og nazismen enn det som har dominert i litteraturvitskapen, og som har vore mest konsentrert om kritisk nærlesing av Bufast-bøkene. Artikkelen drøftar Vesaas’ forhold til Tyskland og nazismen og undersøkjer aktørane som var med i dei tysk-norske litterære forretningane, handlingsrommet deira og korleis dette endra seg med «arisering», einsretting, krig og okkupasjon.

Keywords