Uniped (Jan 2020)

Fagfellevurdert undervisning og kollegarettleiing i høgare utdanning. Frå modell til gjennomføring

  • Tove Sandvoll Vee,
  • Jon Arne Løkke,
  • Lars Rune Halvorsen

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1893-8981-2020-02-02
Journal volume & issue
Vol. 43
pp. 83 – 103

Abstract

Read online

Det er ifølgje stortingsmeldinga om kultur for kvalitet i høgare utdanning (Kunnskapsdepartementet, 2017) ei forventning om at institusjonane i høgare utdanning får på plass system for kollegarettleiing og fagfellevurdert undervisning. Føremålet med denne scoping reviewen er å skaffe oversikt over litteratur som beskriv modellar som finst for gjennomføring av fagfellevurdert undervisning, samt peike på deira fordelar, ulemper og hindringar. Deretter argumenterer vi for ein utvald modell som eignar seg i høgare utdanning. Scoping reviewen er utført ved hjelp av ein femstegsmodell frå Arksey og O´Malley (2005). Resultata indikerer at det er den kollegabaserte modellen for fagfellevurdert undervisning som er best eigna for høgare utdanning. Modellen må tilpassast den institusjonen der han skal nyttast. Modellen må vere fleksibel, frivillig og utviklast frå eit såkalla nedanifrå-og-opp-perspektiv dersom ein skal lukkast med å halde rettleiinga oppe over tid. Lukkast ein med det perspektivet, er kollegarettleiing og fagfellevurdert undervisning ein eigna strategi for å jobba med å forbetre undervisning i høgare utdanning.

Keywords