Uniped (Jan 2021)

Å bli ein formidlar: læring og identitet i eit praksisfellesskap

  • Åsmund Husabø Eikenes

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1893-8981-2021-03-07
Journal volume & issue
Vol. 44
pp. 212 – 222

Abstract

Read online

Ferdigheiter innan forskingsformidling er viktig for både forskarar og studentar, og undervisning i formidling skal gi studentane praktiske kunnskapar og rom til å utvikle ein identitet som formidlar. Læringa skjer i ein sosial kontekst, og omgrepet praksisfellesskap er relevant for å forstå meir av korleis undervisning i formidling kan støtte studentanes identitetsutvikling. I dette SoTL-prosjektet (Scholarship of Teaching and Learning) har eg gjennomført ein tematisk analyse av 28 refleksjonsnotat som viser at studentane har lært å ta i bruk skriveverktøy og fått trening i kritisk lesing, og vidare at dei overfører erfaringane til akademisk arbeid og har fått sjølvtillit til å meistre framtidige utfordringar. Tolka i lys av rammeverket praksisfellesskap viser funna at studentane høyrer til i fellesskapet gjennom aktiv deltaking, gjennom fantasi og ambisjonar for framtida, og gjennom eit ønske om å bidra til endring og utvikling av feltet. Arbeidet løftar fram praksisfellesskap som eit pedagogisk rammeverk som støttar studentane til å lære det praktiske formidlingsarbeidet samtidig som dei lærer å bli formidlarar.

Keywords