Tidsskrift for velferdsforskning (Jan 2020)

Ein nasjonal integreringspolitikk som er utfordrande å iverksetje?

  • Elisabeth Busengdal,
  • Roar Amdam,
  • Anne Britt Djuve

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.0809-2052-2020-04-04
Journal volume & issue
Vol. 23
pp. 268 – 280

Abstract

Read online

Denne artikkelen er eit bidrag til forsking på kommunalt integreringsarbeid og ser på korleis to kommunar vel å tolke og iverksetje norsk integreringspolitikk ut frå si problemforståing av integrering. Artikkelen bygger på funn frå kvalitative forskingsintervju i ein kasusstudie av to norske kommunar, som i nasjonal samanheng vert trekte fram som suksesskommunar. Funn i studien indikerer at regjeringa har ein integreringspolitikk som kan vere utfordrande for kommunane å iverksetje, fordi det oppstår ulike problem og paradoks når dei skal implementere tiltak. Våre funn tyder på at det er konkurrerande problemrepresentasjonar i kommunane om korleis integreringsarbeidet skal gjerast i praksis, blant anna fordi dei opplever ei rollekonflikt mellom ei klientorientering og likebehandling. Prinsippet om likebehandling vert utfordra av ei problemforståing konstituert i at mange innvandrargrupper har problem med å få innpass i normerte utdanningsløp, då norske utdanningsløp ikkje er godt nok tilpassa vaksne med språkutfordringar og låg grunnutdanning. Det er denne problemforståinga som ligg bak at ei av kommunane har strekt det kommunale handlingsrommet langt, og valt å utfordre opplæringslova og Navs regelverk for å få til kvalifiseringsløp som er betre tilpassa målgruppa. I dei to kommunane er det ei oppleving av at det å fordele integreringsansvaret til mange i kommunen kan vere viktig for å lykkast, fordi dei i praksis ikkje har handlingskapasitet til å løyse oppgåvene utan at andre sektorar og forvaltningsnivå deltek, og at dette igjen krev ein sterk administrativ og politisk vilje til samarbeid, felles interesser og lokal kompetanse.

Keywords