Nordic Journal of Literacy Research (Dec 2024)

Boka mi – på sporet av meiningsfull tekstbruk blant eitt- og toåringar

  • Gudrun Kløve Juuhl

DOI
https://doi.org/10.23865/njlr.v10.6153
Journal volume & issue
Vol. 10, no. 4

Abstract

Read online

I Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver vert det slått fast at born skal møta, oppleva og utforska språk og tekstar i barnehagen (Kunnskapsdepartementet, 2017). Men korleis får tekstar meining for små born, og korleis tek små born i bruk tekstar som del av prosjekt som er meiningsfulle for dei? Denne studien handlar om korleis eitt- og toåringar på ei småbornsavdeling samhandlar med og får meining ut av små, laminerte bøker om dei sjølve, kalla Boka mi. Desse bøkene vart produserte av personalet i barnehagen i samarbeid med familiane til borna. Dette er studert gjennom ei etnografisk tilnærming der det er samla inn kvalitative observasjonsdata og fotografi, og gjort intervju med ein tilsett. Element frå aktør-nettverk-teori er brukt for å skildra samhandlinga mellom born, bøker og vaksne og diskutera korleis ein kan forstå Boka mi som aktør. Sentrale funn er at boka fungerer som representasjon på ein fleksibel måte, slik at ho både kan representera ein person som ein artefakt i leiken og representera personar på meir konvensjonelt tekstlege måtar. Boka fyller også til ein viss grad ein funksjon som overgangsobjekt, og dette bidreg til verdien hennar som lesestoff. English abstract My Book – In Search of Meaningful Text Practices Among One-to-Two-Year-Olds The Framework plan for kindergartens states that children should encounter, experience and explore language and texts (Ministry of Education and Research, 2017). But how do texts become meaningful to young children, and how do young children use texts as part of projects that are meaningful to them? This study explores how one-to-two-year-olds in a toddler ward interact with and get meaning out of small, laminated books about themselves, called My book. The books were made by the kindergarten staff in cooperation with the children’s families. This has been studied through an ethnographic approach where qualitative observational data, an interview with an employee and photography have been collected. Elements from actor-network theory are used to describe the interaction between children, books and adults, and discuss how to understand My book as an actor. Key findings are that the book functions as a representation in a flexible way, so that it can both represent a person as an artefact in the game and represent people in more conventional textual ways. The book also has some of the qualities of a transitional object, which makes it interesting for the children.

Keywords