Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Dec 2020)

Forord til hefte 2/2020 frå setjeredaktøren

  • Ernst Håkon Jahr

Journal volume & issue
no. 2

Abstract

Read online

NLTs redaktør frå 2016, professor Janne Bondi Johannessen, Universitetet i Oslo, døydde 15. juni etter eit kort sjukeleie. Ho likte å vera redaktør og skreiv i hefte 1 i år at det «er ei stor glede å vere redaktør når lingvistane både her i Noreg, i nabolanda og i det store utland finn det meiningsfylt å sende inn artiklar til tidsskriftet». Med hefte 2/2020 ville Bondi Johannessen ha fullført den re-daktørperioden ho var oppnemnd for, men dette siste heftet nådde ho ikkje å få ut. Det språkvitskaplege forskingsmiljøet i Norge takkar henne for det store arbeidet ho la ned som redaktør for NLT.