Uniped (Jan 2015)

Multimedia Discrepancies - Plenary Lectures as Perceived by Students

  • Øystein Olav Skaar,
  • Rune Johan Krumsvik

DOI
https://doi.org/10.18261/ISSN1893-8981-2015-01-05
Journal volume & issue
Vol. 38
pp. 53 – 73

Abstract

Read online

Samandrag Artikkelen ynskjer å skildre studentar i høgare utdanning sine haldningar til og oppfatningar av førelesing, og særskilt bruk av multimodale presentasjonsprogram (t.d. PowerPoint) og tradisjonell tavleundervising. Det vart utvikla to haldningsskalaar med fire påstandar, for å måle studentane sine oppfatningar av (1) undervisingsstruktur, (2) læringsutbytte, (3) motivasjon til å delta på undervising og (4) interaksjon mellom studentar og forelesar når ein av to undervisingsmedium vart brukt. Studentar (N = 174, 94,8% fullføringsrate) frå anten Universitetet i Bergen eller Norsk Lærarakademi (NLA) vart spurde om ta del i ein eksplorativ studie som tok i bruk eit personleg responssystem («clickers»). Studien gir indikasjonar på at mange studentar ynskjer meir bruk av komplekse multimodale presentasjonar, som inkluderer animasjonar og/eller videoar. Samstundes er positive haldningar til multimodale presentasjonsprogram avhengig av studenten sitt føretrekte undervisingsformat og studenten si oppfatning av forelesar sin digitale og didaktiske kompetanse. Nøkkelord: digital kompetanse, undervisingsmedium og metodar, høgare utdanning, kognitiv teori om multimedialæring

Keywords