Tidsskrift for velferdsforskning (Jan 2020)

Arbeidsinkludering av utsett ungdom

  • Kjetil Frøyland

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.0809-2052-2020-03-03
Journal volume & issue
Vol. 23
pp. 187 – 200

Abstract

Read online

Marginalisering av utsett ungdom utanfor skole, arbeid eller tiltak (NEETs) og som har ekstra problem knytt til helse, funksjonsevne eller anna, er ei vesentleg utfordring som ein trass massiv satsing både i Noreg og internasjonalt manglar gode løysingar på. I denne artikkelen utforskar eg kva slags utfordring inkludering i arbeid av utsett ungdom er. Gjennom re-analyse av intervju med arbeidsgivarar og hjelparar frå to forskingsprosjekt, avleiar eg fleire ulike tenkesett/perspektiv og drøftar inkluderingsutfordringa i lys av desse. Gjennomgangen indikerer at ulike tenkesett kan gi ulike bilete av inkluderingsutfordringa og at ungdom med ulike typar problem vil kunne profitere på ulike tenkesett. Artikkelen gir ny kunnskap om korleis frontlinearbeidarar og arbeidsgivarar forklarar og forstår arbeidsinkludering av utsett ungdom, og om sentrale kjenneteikn ved prosessane som kan oppstå på arbeidsplassane. Inkludering kan krevje komplekse og lange prosessar og vera noko som både ungdom, arbeidsplass og hjelpeapparat må lære.

Keywords