Nordlit: Tidsskrift i litteratur og kultur (Jan 2022)
Faglegheit i litteraturundervisninga? Nokre litteraturlærarmodellar til diskusjon
Abstract
Denne artikkelen er eit bidrag til debatten om litteraturundervisningas legitimering og status i den rådande utdannings- og fagpolitiske konteksten. Innleiingsvis presenterer artikkelen nokre av dei viktigaste utfordringane for litteraturundervisninga i skulen: ei tilnærming til litteraturundervisninga som er for dårleg fagleg forankra, og ei tilnærming som rett nok har ei fagleg forankring, men som likevel ikkje kan klare å hente ut litteraturundervisninga sitt fulle potensial. Artikkelen presenterer til slutt nokre litteraturdidaktiske posisjonar som kan peike mot moglege løysingar.
Keywords