Målbryting (Dec 2021)

Studentvurderingar av forholdet mellom engelsk og lokale språk på fem nordiske universitet

  • Trude Bukve

DOI
https://doi.org/10.7557/17.5915
Journal volume & issue
no. 12

Abstract

Read online

Denne undersøkinga handlar om korleis studentar opplever og vurderer den språklege praksisen dei møter gjennom utdanningsløpet. Under­søkinga fokuserer på studentane sine opplevingar og vurderingar knytt til bruk og meistring av engelsk og dei lokale språka i undervisinga. Først skildrar eg språkpolitiske retningslinjer i dei nordiske landa, der parallell­språk har vore den føretrekte språkpolitikken i høgare utdanning. Så gjer eg ein tematisk analyse av studentkommentarar frå ei spørjeundersøking som blei gjennomført på fem universitet i tre av dei nordiske landa. Trass i at studentane i hovudsak er positive til å bruke både engelsk og dei lokale språka, etterspør dei meir fokus på handteringa av dei ulike språka gjennom utdanningsløpet. Studentkommentarane syner at det kan vere utfordrande å lukkast med parallellspråkpolitikken. Nokre vanskar som studentane fortel om, knyter dei til eigne utfordringar med å forstå og bruke andre språk enn førstespråket, medan andre vanskar vert knytt til opplevinga av at førelesarar manglar ferdigheiter i språka. Desse utfordr­ing­ane vert diskutert i lys av Fricker (2007) sitt omgrep epistemisk urett. Til slutt argumenterer eg for at språkpolitikken i større grad må formulere tydelege kompetansemålsettingar (‘acquisition planning’), i tillegg til statusplanlegging.

Keywords