Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis (Oct 2024)

Eit utval lærarar sine perspektiv på elevengasjement og læring i digitale kontekstar i begynnaropplæringa

  • Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

DOI
https://doi.org/10.23865/up.v18.5228
Journal volume & issue
Vol. 18, no. 2

Abstract

Read online

Denne studien undersøker tre lærarar sine perspektiv på elevengasjement og læring når elevane brukar nettbrett i begynnaropplæringa. Det er ein kvalitativ longitudinell studie basert på individuelle intervju om læring i digitale kontekstar på to målepunkt over ein periode på to år. I det første intervjuet er det nytta lydopptak, medan det i det andre, to år seinare, er det nytta videostimulert refleksjonsdialog i tilknyting til intervjuet, med videoobservasjon frå undervisninga til den enkelte læraren. Studien er forankra i ei sosiokulturell forståing av læring, der nettbrettet er eit læringsverktøy som vert brukt i undervisninga og inn mot læringsaktivitetar. Med digitalisering av klasserommet skjer det ei endring i bruk av læringsressursar, noko som også har potensial for endring av dei andre elementa som konstituerer praksisen i klasserommet, der elevrolla er eit sentralt element. Studien viser ei endring i lærarane sine perspektiv på bruk av nettbrett i undervisninga i løpet av dei to åra. Ei endring som går frå å vektlegge tekniske sider ved nettbrettet i aktivitetar til meir læringsorientert grunngiving for bruk av nettbrett i elevar sine læringsprosessar i begynnaropplæringa. Lærarane viser ei bevisstheit om elevane sitt engasjement i ein kompleks digital undervisningssituasjon, og framhevar at bruk av nettbrett i begynnaropplæringa skal bidra i læringsprosessane til elevane. ENGLISH ABSTRACT Selection of Teachers’ Perspectives on Student Engagement and Learning in Digital Contexts in Beginner Education This study examines three teachers’ perspectives on student engagement and learning when students use tablets in beginner education. It is a qualitative longitudinal study based on individual interviews about learning in digital contexts at two measure points over a period of two years. In the first interview, an audio recording was used. In the second, two years later, video-stimulated reflection dialogue with video observation of the individual teacher’s teaching was used. The study is rooted in a socio-cultural understanding of learning, where the tablet is a learning tool that is used in teaching and in learning activities. With the digitization of the classrooms, there is a change in the use of learning resources, which also has the potential to change the other elements that constitute the practice in the classrooms, where the role of the student is a central element. The study shows a change in the teachers’ perspective on the use of tablets in teaching. A change that goes from emphasizing the technical aspects of the tablet in activities to a more learning-oriented rationale for the use of tablets in students’ learning processes in beginner education. The teachers show an awareness of the students’ involvement in a complex digital teaching situation, and emphasize the contribution of tablets use to the students’ learning processes in beginner education.

Keywords