Uniped (Jan 2021)
Sjukepleiestudentar lærer å kommunisere med born i alternativ praksis
Abstract
Bakgrunn Faglege retningsliner forventar at sjukepleiarar har kompetanse i å kommunisere med born. Få studentar får praksis i sjukepleie til born. Studien undersøkte sjukepleiestudentar si læring i kommunikasjon med born etter undervisning og alternativ praksis i barnehage og på bamsesjukehus. Metode Studien baserer seg på eit kvalitativt studiedesign med datainnsamling i fokusgruppeintervju med fem sjukepleiestudentar etter tredje semester i bachelorstudiet. Analysemetode er systematisk tekstkondensering. Resultat Presenterte funn er Læringsaktivitetar til nytte eller bry? Uklar studentrolle i praksis og Læringsutbytte. Studentane auka læringsutbytte i kommunikasjon med friske born og det å forstå born som pårørande ved alvorleg sjukdom i familien. På bamsesjukehus erfarte studentar at born dei kjende, haldt avstand når dei møtte studentane i uniform. Studentane sakna erfaring med sjuke born for å oppnå naudsynte læringsutbytte. Drøfting, konklusjon og implikasjonar for praksis Sjukepleiekompetanse, Sjukepleie til born i familiekontekst og Tverrfagleg samarbeidslæring er drøfta. Ei framtidsretta sjukepleieutdanning må ha større fokus på born med helseutfordringar og born som pårørande for å oppnå naudsynt sjukepleiekompetanse. Dette krev utvikling av nye pedagogiske metodar for sjukepleiestudentar i læring med born og praksis med bruk av simulering, digitale og interaktive ressursar. Tverrfagleg samarbeidslæring mellom sjukepleie- og barnehagelærarstudentar kan forbetre læring i praksis.
Keywords