Studia Musicologica Norvegica (Nov 2024)
Ein kritikk av omgrepet «sinfonia», eller korleis Hugo Riemann stal 100 år med norsk symfonihistorie
Abstract
Denne artikkelen kritiserer bruken av omgrepet «sinfonia» vis-à-vis «symfoni» i norske tekster. Ein korpusanalyse syner fire ulike og delvis inkompatible meiningar av ordet «sinfonia» er vanlege. Medan mange tekster hevdar å la komponistens namneval stå eller bruka ordet om operaouverturar i tre satsar, gjev omgrepet i praksis ofte uttrykk for ein påstått kvalitativ skilnad, anten mot verka til Johann Stamitz eller til Haydn og Mozart – i tråd med nasjonalistisk tysk musikkforsking kring 1900. Noreg har eit lite symfonikorpus frå 1700- og tidleg 1800-tal, som til no i hovudsak har vore omtala som «sinfoniaer». Slik har den fyrste symfonien til Otto Winter-Hjelm (1861) blitt omtala som den fyrste norske symfonien, trass i at dei tre symfoniane til Johan Daniel Berlin (ca. 1740–1760) er hundre år eldre. Artikkelen argumenterer for at norsk musikkvitskap burde fylgje anglo-amerikanske tekster og avskaffa dette skiljet som ahistorisk, og erkjenna desse tidlegare verka som fullverdige symfoniar.
Keywords