Maal og Minne (Jun 2022)

Drøftande skriving på ungdomssteget: Ein elevtekstanalyse med utgangspunkt i stasislæra

  • Kjersti Maria Rongen Breivega

Journal volume & issue
no. 1

Abstract

Read online

Emnet for artikkelen er drøftande skriving, slik skrivemåten vert forstått i skriveopplæringa. Det å få fram ulike sider ved ei sak er ein mykje brukt karakteristikk av drøfting. I skriveopplæringa vert dette forstått som å legge fram argument både for og mot eit standpunkt, altså drøfting forstått som «pro og kontra»-struktur, noko ein ikkje minst ser operasjonalisert via skrive­rammer. Formålet med artikkelen er å få fram eit breiare bilete av den drøftande teksten. Artikkelen bygger på ein retorisk analyse av 16 drøftande debattartiklar frå ungdomssteget der stasislæra har vore hovudinnfallsvinkel. Stasislæra er ein typologi over grunnleggande spørsmål ein kan stille til ei sak, ofte vist til som argumentasjonsfasar. Resultata syner at det i alle elevtekstane vart stilt fleire typar grunnleggande spørsmål, og at det dessutan kunne etablerast visse mønster for distribusjonen av argumentasjonsfasane. Artikkelen konkluderer med at opplæringa i drøftande skriving bør fokusere meir på kva spørsmål den drøftande teksten skal svare på.