Maal og Minne (Dec 2022)

Kollokasjonar - språkets R2-D2 og C-3PO

  • Gunn Inger Lyse,
  • Margunn Rauset,
  • Helge Dyvik

DOI
https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2122
Journal volume & issue
Vol. 114, no. 2

Abstract

Read online

I revisjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka treng leksikografane reiskapar som effektivt og etterretteleg finn ordsekvensar som seier noko om typisk bruk og kva frekvente uttrykk ord inngår i. Artikkelen tek føre seg korleis ein definerer og studerer kollokasjonar i ulike tradisjonar, då fleire tilnærmingar til omgrep som kollokasjon og fleirordsuttrykk møtest i eit praktisk felt som leksikografi. Hovudvekta i artikkelen ligg på korleis ulike reiskapar kan nyttast for å finne kollokasjonar som er relevante å ha med i ordbøkene. Korpuskel-leks er eit korpusgrensesnitt utvikla for leksikografisk bruk. Der kan brukarane søkje etter kollokasjonar ved hjelp av statistiske assosiasjonsmål og ved regulære uttrykk på tvers av mange korpus. NorGramBank er ein trebank med søkjetemplat utvik­la for leksikografisk bruk. Der er kollokasjonar ikkje berre eit reint statistisk fenomen av ord som førekjem saman og kan søkjast etter lineært, men søket kan òg referere til syntaktisk struktur og syntaktiske relasjonar mellom orda.