Heimen (Jan 2019)

Ein Nes-bonde æreskjeller ein generalmajor

  • Åsmund Forfang

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195-2019-04-02
Journal volume & issue
Vol. 56
pp. 249 – 263

Abstract

Read online

Samandrag I 1814 innførte § 100 i Grunnlova trykkefridom i Norge. Men kva var lovgrunnlaget ved tiltale og dom i saker reiste for misbruk av trykkefridommen – § 100 sjølv eller den upopulære trykkefridomsforordninga av 27. september 1799 som hadde vore gjeldande straffelov under siste del av det dansk-norske eineveldet? Spørsmålet oppstår ved at lovverket frå eineveldets tid ifølgje § 94 i Grunnlova skulle fortsette å gjelde der det ikkje kom i konflikt med Grunnlova eller nye norske lover, inntil landet fekk sine eigne lover; den nye norske straffelova kom først i 1842. Vart forboda i 1799-forordninga straks og utan vidare sette ut av kraft i 1814? Eit utbreidd syn i dag er at det var dei ikkje, og at forordninga fortsette å vere heimel i skyldspørsmålet ved både tiltale og dom. Eit motsett syn er at dei gamle forboda var oppheva, og at § 100 fram til 1842 var einaste heimel for straffskyld. Ei sak frå 1815–17 antydar at domstolane dømte i tråd med dette siste synet, ikkje berre frå 1823, slik den som først og fremst har hevda dette synet, har meint, men alt frå denne aller første saka som nådde Høgsterett i 1817.

Keywords