Norsk Filosofisk Tidsskrift (Jan 2018)
Tid, rom og realitet
Abstract
Sammendrag Hedwig Conrad-Martius (1888–1966) utvikla ein filosofi basert på det ho kalla «Realontologie». Fordi ho forma ideane med tankegods frå Husserls fenomenologi, antikk filosofi og mellomalderskolastikk, knyter tankane hennar om tid, rom og eksistens seg til dei grunnleggjande filosofiske spørsmåla om forholdet mellom essens og eksistens. I denne artikkelen drøftar eg Conrad-Martius sin filosofi om rom og tid, i lys av den kritiske innstillinga hennar til transcendental idealisme. Artikkelen viser korleis Conrad-Martius sin ontologi likevel hentar omgrep og innsikter frå den transcendentale idealisme og fenomenologi på ein måte som aktualiserer dei utover desse tradisjonane sine grenser. På den måten opnar ontologien hennar problemfelt som stiller spørsmål ved grunnomgrep i nyare tids realisme, som eksistens og uavhengigheit.
Keywords