Nordisk Barnehageforskning (Jul 2022)

Barnehagelærarstudentars refleksjonar over barns fleirsanselege utforsking i naturfaglege samtaler

  • Inga Margrethe Fagerbakke

DOI
https://doi.org/10.23865/nbf.v19.319
Journal volume & issue
Vol. 19, no. 1
pp. 163 – 180

Abstract

Read online

Artikkelen presenterer ein casestudie av tre studentar sine transkriberte samtaler om naturfaglege emne med barnehagebarn i alderen 2,5–4 år, og deira refleksjonar rundt desse. Formålet med artikkelen er å belysa korleis studentane stiller seg til barnas fleirsanselege utforsking som ein del av samtala. Funna viser at studentane, gjennom videoanalyse av seg sjølve, blir meir merksame på korleis dei kunne ha fylgt opp fleire av sanseinntrykka til barna og fått dei inn i samtalene. Studentane trekkjer fram manglande bruk av tid, at dei skiftar fokus og at dei stiller feil spørsmål, som forklaringar på kvifor dei ikkje lukkast. I dei tilfella der dei har lukkast, peikar dei på det å la barnet sansa som ein suksessfaktor. Funna viser at produktive spørsmål som handlar om å observera nøye, er ein måte å gripa fatt i barns fleirsanselege utforsking på, men at det ofte blir brukt hypotesedannande spørsmål i samtalene med barna, utan at dette bidrar til meir utfors-king i samtalene.

Keywords