Norsk Sosiologisk Tidsskrift (Jan 2018)

Kunnskap, regime og kunnskapsregime.

  • Håvard Brede Aven

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2018-05-02
Journal volume & issue
Vol. 2
pp. 363 – 380

Abstract

Read online

Omgrepet kunnskapsregimer fekk stor merksemd i skandinavisk akademisk og offentleg debatt frå og med utgjevinga av Rune Slagstad si bok De nasjonale strateger i 1998, og blei etablert som eit sentralt omgrep i skandinavisk kunnskapshistorie og kunnskapssosiologi. Men mykje på grunn av at Slagstad har vore sparsom med presiseringar av nøkkelomgrepet (og inspirasjonen bak det), har mottakinga vore prega av ei viss forvirring over korleis det skulle forståast (Rudeng, 1999). I denne artikkelen identifiserer eg først ei lang rekke ulike måtar omgrepet har blitt brukt på av Slagstad. Deretter samanliknar eg bruken av omgrepet hos Slagstad med den nyare bruken av omgrepet knowledge regimes innan samanliknande politisk økonomi og kunnskapssosiologi (Campbell & Pedersen, 2014, 2015), som også inneber mange nokså ulike tydingar og vektleggingar. Til tross for nokså like teoretiske utgangspunkt, ender dei opp med temmeleg ulike forståingar av kunnskapsregime. Felles for dei fleste måtane Slagstad nyttar omgrepet på, er at han set staten og fagbyråkratiet i sentrum. Han nyttar mellom anna omgrepet om fagsamansetnaden i statsapparatet og om at ulike kunnskapsformer har hatt ulik innverknad og ulik grunngjeving på ulik måte til ulike tider. Campbell og Pedersen nyttar derimot omgrepet kunnskapsregime om kunnskapsorganisasjonar utanfor eller i randsona til staten, og nyttar det om organisasjonar som tenketankar og forskingsinstitutt, ikkje om den skiftande innverknaden til ulike profesjonar. Sjølv om alle bruksmåtane viser til former for samspel mellom kunnskap og politikk, gjer bruken av kunnskapsregime om ulike nivå og til dels på så ulike måtar at det er nærliggande å forstå det som fleire ulike omgrep heller enn variasjonar over det same. Eg foreslår likevel at vi alternativt kan forstå Slagstads kunnskapsregime som eit idiom eller medvite fleksibelt omgrep som opnar for at samspelet mellom kunnskap og politikk er omskifteleg.

Keywords