Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Dec 2020)

Kva skjer med talemålet i Oslo og på Austlandet? Ein litteraturkritikk

  • Eldar Heide

Journal volume & issue
no. 2

Abstract

Read online

Denne artikkelen er ei kritisk gjennomgåing og drøfting av litteraturen om talemålsutviklinga i Oslo og regionen rundt. Oppfatningane spriker. Nøkkelnemninga «standard» blir brukt ulikt, og det er usemje både om kva som skjer, kva som er fleirtalsoppfatninga om kva som skjer, kva utvikling vi skal vente, kva varietet som har høgst prestisje, og om kva den ekspansive varieteten i området bør kallast. Samtidig er det viktige spørsmål som ikkje blir stilte, og ikkje sjeldan er det heilt ulike oppfatningar om den same empirien, tydelegvis pga. ulike teoretiske og ideologiske utgangspunkt. Eg prøver, på grunnlag av dei dataa litteraturen sjølv gjev, å klårgjera kva som skjer og å finne grunnar til at framstillingane spriker så mykje. Eg konkluderer (med Stjernholm), med at det som har slått gjennom i Oslo ikkje er ein modifisert variant av det eine eller andre, men eit kompromiss, og argumenterer (ut frå Sandøy) for at denne varieteten bør kallast «fellesaustlandsk», ikkje «standardaustlandsk» e.l., som har vist seg å forvirre. At det kan vera ulike oppfatningar om kva vi skal vente, meiner eg kjem av at ein ser utviklinga i land som Danmark og England dei siste tiåra som normalen, utan å ta med at talemålssentraliseringa i desse landa følgjer ein heilt annan kronologi enn den norske.

Keywords