Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Jun 2019)

Frå redaktøren

  • Janne Bondi Johannessen

Journal volume & issue
Vol. 37, no. 1

Abstract

Read online

Det er mange dugande lingvistar i Noreg og i nabolanda, og mange skriv mykje bra. Det er likevel slik at somme mest berre gjev ut stoff på engelsk. Eg og mange med meg ynskjer at norsk lingvistisk fagspråk skal utvikle seg i takt med faget sjølv, og meiner at Norsk Lingvistisk Tidsskrift er ein ypparleg stad der dette kan skje. Difor oppmodar eg dykk alle til å sende inn artiklar. Det er òg mogleg å foreslå temanummer. Ei blanding av temautgåver og opne utgåver gjer tidsskriftet til ein spanande plass for lingvistikk med mange perspektiv.