Nordic Journal of Literacy Research (Nov 2020)
Hjartemaskinar og husnummer. Femåringars eigeninitierte tekstar – bruk og retorisitet
Abstract
Også born som enno ikkje er innlemma i det formelle lese- og skriveopplæringssystemet, skaper tekstar som har kommunikativ funksjon og verdi. Likevel vert ofte tekstproduksjonen til born, også barnehageborn, studert med utdanningssystemet sine føremål om læring og vurdering som premiss. Slike studiar seier lite om dei kommunikative aspekta ved borns tekstproduksjon. Denne artikkelen undersøkjer fem tekstar av fem femåringar og kva kommunikative samanhengar tekstane inngår i, og diskuterer med utgangspunkt i det korleis det er rimeleg å forstå dei som ytringar. Undersøkinga tek utgangspunkt i den etnografiske New literacy studies-tradisjonen, som vert supplert med aktør–nettverk-teori og retorisk teori. Sjølv om desse borna i varierande grad meistra skriftspråket, laga alle tekstar som vart brukte til å handla sosialt med. Ei viktig handling var namngjeving. Fleire tekstar utgjorde artefaktar i leik. Det varierte i kva grad tekstane var sentrale i dei sosiale handlingane dei var del av. Dette viser behovet for modellar av tekst og kontekst som ikkje som utgangspunkt set teksten i sentrum. Resultata i denne studien skil seg også frå tidlegare studiar av borns tekstar ved at pragmatisk funksjonalitet framstår som viktigare enn indre kompleksitet, og ved få spor av henvending til ein lesar. Dette viser at born sine tekstar er meir mangfaldige enn tidlegare forsking har vist, og at det å studera dei med eit etnografisk utgangspunkt kan bidra til at ein fangar opp ein større del av mangfaldet.
Keywords