Maal og Minne (Dec 2022)

Med heimstaddialekten i bagasjen?

  • Randi Neteland

DOI
https://doi.org/10.52145/mom.v114i2.2123
Journal volume & issue
Vol. 114, no. 2

Abstract

Read online

Artikkelen tek utgangspunkt i ei teoretisk problemstilling som gjeld faktorane som spelar inn i koinéformingsprosessar, nemleg om det er ein direkte samanheng mellom dialektbakgrunnen til innflyttarane til ein ny stad og språktrekka som blir brukte i den nye dialekten som etterkvart veks fram. Dette spørsmålet blir testa med å kombinere folketeljinga frå den nye byen Narvik i 1900 og målføresynopsisen sine presise data om tradisjonelle dialektar i Noreg. Medan mange tidlegare forskingsprosjekt om talemål i industristader og liknande nye byar har konkludert med at innflyttarane sine talemål har vesentleg innverknad på sluttproduktet av koinéformingsprosessen, viser denne undersøkinga at dialektane som innflyttarane hadde med seg i bagasjen frå heimplassen sin, ikkje kan ha hatt direkte innverknad på korleis språktrekket som vert undersøkt her, er realisert i den nye koinéen.