Tidsskrift for Omsorgsforskning (Jan 2018)
Omsorg for lidande menneske
Abstract
Samandrag Omsorg er noko naturleg ved mennesket som er forankra i kjærleiken. Tolstoj sin klassiske tekst «Ivan Iljitsj`død» fører lesaren inn i eit lidande menneske sine siste dagar. Ved å lesa denne teksten i lys av Kierkegaard sine verk «Sygdommen til døden» og «Kjerlighedens gjerninger» får ein forståing for korleis kjærleik kjem til uttrykk gjennom ein ofrande prosess mot forsoning og tilgjeving. Som ein dobbel prosess framstår offer som ein dannande prosess der ein byggjer sin etiske karakter og underkastar omsorga for lidande etiske vilkår.
Keywords