Norsk Antropologisk Tidsskrift (Dec 2024)
Omsorgsarbeid, omsorgskrise og prekarisering: Inkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid i kommunale tenester
Abstract
Ambisjonen med artikkelen er å bidra med ny kunnskap om arbeidsinkludering av kvinner med innvandrarbakgrunn i norsk arbeidsliv, samt å bidra med ny innsikt i prekarisering av arbeid i den norske velferdsstaten. Basert på feltarbeid i ein kommunal helse- og omsorgsteneste kor majoriteten av dei ufaglærte tilsette er kvinner med innvandrarbakgrunn, viser me korleis underskot på kvalifisert arbeidskraft fører til at kommunen som arbeidsgjevar søker nye måtar å kvalifisere sine tilsette. Me viser også korleis kvinner med innvandrarbakgrunn vert inkludert i arbeid i tenestene, deira erfaringar med kvalifisering og deira posisjonering i arbeidshierarkiet. Vårt overordna argument er at i kontekst av den historisk institusjonaliserte arbeidsnorma om deltid, forsterka av nyliberal deregulering av arbeid, så samverkar institusjonelle, organisatoriske og relasjonelle dynamikkar til prekarisering og «re-prekarisering» av omsorgsarbeid. Dette medfører ei «prekær inkludering» av kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeid som vert forma av «hyper-prekaritet» kor overlappande sårbarheitar skapt gjennom kjønning og rasialisering av omsorgsarbeid forsterkar kvarandre i posisjonering av kvinnene i arbeidslivshierarkiet.
Keywords