Maal og Minne (Dec 2021)

U-omlydsvekslingar i klassisk norrønt i eit generativt fonologisk perspektiv

  • Jardar Eggesbø Abrahamsen

Journal volume & issue
Vol. 113, no. 2

Abstract

Read online

U-omlyd i klassisk norrønt kan forståast som to synkrone prosessar: Tilfelle som kǫstum pres. 1. pl., jf. infinitiv kasta, kan reknast som ein vokalharmoni av typen rundingsharmoni. Tilfelle som spǫk, hokjønnsforma av adjektivet spakr, kan reknast som effekten av eit subsegmentalt suffiks [rund] som koplar seg på ein tilgjengeleg vokal. Manglande synkron u-omlyd ved fremre vokal, som lesum pres. 1. pl. (ikkje *løsum) og blind adj. f. (ikkje *blynd), kan forståast i lys av den markerte statusen til fremre runda vokalar. Rundingsproduktet [u] i trykklett staving, som i den andre stavinga i forma kǫstuðum (pret. 1. pl., jf. kastaða 1. sg.), kan behandlast som synkron vokalreduksjon innanfor ein fonotaks der [u] er einaste tillatne trykklette vokal med runding.