Tidsskrift for Samfunnsforskning (Mar 2015)
«Eg har ingen familie» - Identitet, deltakarroller og tolking i asylsøkjarintervju
Abstract
I behandlinga av søknadane om asyl i Norge inngår asylintervju som ein viktig reiskap for UDI når det gjeld å fastslå identiteten til asylsøkjaren og om asylgrunnlaget er gyldig. Det er derfor viktig å auke innsikta i korleis desse intervjua fungerer, og om dei faktisk gir dei opplysningane dei skal med tanke på ein juridisk korrekt prosedyre. Intervjua inneheld mykje forteljing og er derfor eigna for narrativ analyse, i samsvar med den rike forskinga på narrativar og identitet. Formålet med denne artikkelen er å vise korleis ein asylsøkjar prøver å konstruere ein relevant identitet i intervjuet ved å bruke visse diskursar og posisjoneringar når han fortel om seg sjølv. Analysen viser korleis dette mislykkast i møte med UDIs intervjusjanger og også korleis tolken innverkar på resultatet. Interaksjonen i intervjuet er analysert ved hjelp av deltakarroller og posisjonering, og ei sosialkonstruktivistisk identitetsforståing ligg til grunn for analysen av dei ulike narrativane. Nøkkelord: asylsøkjarintervju, identitetsforhandling, narrativanalyse, interaksjon, deltakarroller
Keywords