Tidsskrift for velferdsforskning (Nov 2022)
Asset-Based Community Development (ABCD) som verktøy i samskaping av folkehelse<subtitle>Erfaringar frå eit aksjonsforskingsprosjekt med fokus på medverknad</subtitle>
Abstract
I dette aksjonsforskingsprosjektet vart Asset Based Community Development (ABCD) tatt i bruk som eit verktøy for samskaping mellom innbyggarar, grendautval og kommune. I artikkelen drøftar me kva eigenskapar ABCD som tilnærming har i ein slik prosess. Me utforska i dette aksjonsforskingsprosjektet i kva grad ABCD kan vera eigna til å styrka medverknad i folkehelsearbeidet. ABCD er i bruk i folkehelsearbeid i mange land. I Noreg har ABCD vore nytta innan samfunnsarbeid i område med større levekårsutfordringar. ABCD bygger på tre grunnprinsipp: Utviklingsarbeidet skal vera relasjonsorientert, styrkebasert og innbyggarstyrt. Basert på aksjonsforsking og ein kvalitativ teoridriven innhaldsanalyse finn me at grendautvala mobiliserte lokalt og utvikla verktøy for å styrka og sikra medverknad og ansvarsfordeling mellom innbyggarane og kommunen. Deltakarane utvikla nye samarbeidsformer og ei meir nyansert forståing av medverknad. I prosjektperioden gav ABCD konkrete resultat i lokalsamfunna og auka innbyggarmedverknad i kommunale utviklingsprosessar.
Keywords