Tidsskrift for Samfunnsforskning (Mar 2016)

Tilsetjing og arbeidsløyse i Noreg og Danmark: - Er svakt stillingsvern gunstig for folk med dårleg helse?

  • Kristian Heggebø

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1504-291X-2016-01-01
Journal volume & issue
Vol. 57, no. 1
pp. 3 – 30

Abstract

Read online

Denne studien undersøker arbeidsmarknadstilknytinga til personar med helseproblem i Danmark og Noreg i ein periode med låg etterspurnad etter arbeidskraft. Noreg og Danmark deler mange karakteristikkar, men stillingsvernet er vesentleg svakare i den danske «flexicurity»-modellen. Dette kan vere gunstig for personar med dårleg helse, fordi det er mindre risiko for arbeidsgjevar ved å tilsetta nokon med eit negativt signal (dårleg helse, for eksempel) når det er enkelt å seie opp arbeidstakaren dersom han/ho ikkje er produktiv nok. Resultata indikerer at folk med helseproblem i Danmark har litt større sannsyn for å bli tilsett, og ganske markant større sannsyn for å vere arbeidsledig, enn personar med god helse i løpet av observasjonsvindauget (2008–2011). I tillegg er det meir utbreitt med midlertidig stillingskontrakt blant dei med dårleg helse i Danmark. Folk med helseproblem i Noreg derimot, skil seg ikkje særleg frå personar med god helse. Dette tyder på at eit svakt stillingsvern sannsynlegvis ikkje er vegen å gå for å sikra høg sysselsetting blant folk med dårleg helse. Nøkkelord: arbeidsløyse,tilsetjing,helse,stillingsvern,økonomisk nedgangstid

Keywords