Nordisk Tidsskrift for Helseforskning (Jun 2016)
Korleis sjukepleievitskap materialiserer seg i lys av historisk oppkomst – kunnskapsgenerering i spenningsfeltet mellom klinikk og akademia
Abstract
How nursing science materializes related to historical origin – knowledge in the field of tension between the clinic and academia The focus of this paper is on the scientific development in nursing, and is based on an analysis of master-thesis in nursing science at the University of Bergen in the period 2005-2010 when the master title came to Norway (Sortvik 2011). The aim of this paper is on what focus a new scientific discipline as nursing science has developed through the thesis, and how it constitutes during a certain amount of time. The article starts with a presentation of themes and the basis of recognition. Then philosophy of science and methodologies that are the dominant tendencies will be discussed related to the historical origin of nursing science at the University of Bergen. The empirical theoretical and methodological approach is based upon the theory of the French sociologist Pierre Bourdieu about understanding current practices in light of historical origin. Results: Majority uses qualitative method (71.4%), and is using phenomenological and hermeneutical approaches. The quantitative tasks (26.2%) are mainly anchored in medical terminology and are using medical statistics. Issues are mainly from the nurses own practices and practical utility are emphasized. Only one work is using mixed methods. Questions that will be discussed are why these master-thesis materialize in the way they do, and what kind of factors that influence opportunities and choices in nursing science? Artikkelen omhandlar sjukepleievitskapleg kunnskapsproduksjon, og er basert på ein analyse av mastergradsoppgåver i sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen frå perioden 2005-2010 (Sortvik 2011). Spørsmål som belysast er korleis eit ungt vitskapsfag som sjukepleievitskap gjennom eit tidsrom konstituerer seg som produsent av ny kunnskap. Artikkelen startar med presentasjon av erkjenningsgrunnlaget og tematikkane i mastergradsoppgåvene. Deretter diskuterast dominerande tendensar i lys av sjukepleievitskapens historiske oppkomst ved Universitetet i Bergen. Arbeidsmåten vert gjort i forlenging av sosiologen Pierre Bourdieus teori om å forstå notidige praktikkar i historisk lys. Resultat: Fleirtalet av oppgåvene er kvalitative (71,4%), og nyttar fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming. Dei kvantitative oppgåvene (26,2%) er hovudsakleg forankra i medisinsk fagterminologi. Problemstillingane er i hovudsak frå eigen praksis og praktisk nytteeffekt vert vektlagt. Ei av mastergradsoppgåvene kombinerer kvalitativ og kvantitativ tilnærming. Spørsmål som vert diskutert er korleis det kan ha seg at mastergradsoppgåvene framstår som dei gjer, og kva som påverkar sjukepleias handlerom i det akademiske felt?
Keywords