Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Nov 2017)

Innleiing

  • Marit Julien

Journal volume & issue
Vol. 35, no. 2

Abstract

Read online

Forsking på samiske språk er ikkje noko nytt. Dei tidlegaste innsatsane på området var knytte til den kristne misjonen blant samane, som kom i gang for alvor på 1700-talet. Med misjonen oppstod eit behov for å produsere skrifter på samisk, men før ein kunne gjera dette, måtte ein utvikle samisk skriftspråk. Frå denne tida har vi fleire beskrivingar av ulike samiske språk, skrivne av prestar som vart lingvistar på vegen. Pehr Fjellström, sokneprest i Lycksele, gav ut ein grammatikk og ei ordbok (Fjellström 1738a, 1738b) som begge bygde på umesamisk, sjølv om Fjellström sjølv omtala språket som lingua lapponica og la inn eit avsnitt om dialektskilnader. Få år seinare kom to nordsamiske grammatikkar, og desse var skrivne av Henrik Ganander, som i mange år hadde vore sokneprest i Enontekis, og av Knud Leem, som hadde vore misjonsprest i Porsanger og Laksefjord og sokneprest i Alta (Ganander 1743, Leem 1748). Leem sin grammatikk vart seinare vidareutvikla av Rasmus Rask (Rask 1832), og vi kan dermed seia at studiet av samisk har vore ein del av interessefeltet til nordiske lingvistar heilt sidan lingvistikken voks fram som eige forskingsområde.