NOA (Oct 2023)

Norsk som andrespråk i digital kommunikasjon på arbeidsplassen

  • Kristin Vold Lexander

Journal volume & issue
Vol. 39, no. 1

Abstract

Read online

Denne artikkelen undersøkjer digital samhandling på fleirspråklege arbeidsplassar med utgangspunkt i eit økologisk syn på språk og media. Gjennom ein analyse av intervjudata, døme på digital samhandling og deltakarane sine mediagram, studerer eg korleis litauiske arbeidsinnvandrarar og deira arbeidsgivarar nyttar og oppfattar språklege, multimodale og digitale affordansar i arbeidskommunikasjonen sin. Korleis påverkar kommunikasjonen deira inkluderande og ekskluderande praksisar på arbeidsplassen og i arbeidslivet? Fokuset her er på tre arbeidsinnvandrarar i ulike yrke og ein arbeidsgivar: ein reinhaldar, ein sosialarbeidar, ein fjøsavløysar og gardbrukaren han jobbar for. Resultata viser bevisst bruk av det språklege, teknologiske og modale handlingsrommet, medialiseringsrepertoaret, for å byggje forståing og relasjonar i ein andrespråkskontekst. Desse praksisane kan ein òg forstå ved hjelp av omgrepet entreprenør-sjølvet: Deltakarane agerer gjennom denne kommunikasjonen for å motverke ekskludering og slik oppnå ønska roller og deltaking i arbeidslivet.

Keywords